Vindafjord kommune har om lag 8600 innbyggjarar: Kommunesenteret ligg om lag 5 mil frå Haugesund. Me har eit varierte fritidstilbod og eit mangfaldig kulturliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born og unge og for eldre. Kommunen ligg strategisk til mellom fjord og fjell med gode høve til eit allsidig friluftsliv.
STILLING MED SAKSNR 14/1515
Arbeidstittel: Leiar Beredskapsavdelinga, Etne og Vindafjord
Tenestestad: Sandeid
Eining: Brann og Redning
Det er ledig 100% fast stilling som Leiar Beredskapsavdelinga, Etne og Vindafjord frå 03.09.2014.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga med saksnr 14/1515 som Leiar Beredskapsavdelinga,
Etne og Vindafjord
- Utvikling og oppfølging av internkontrollsystemet for brann og redning
- Drift av brannstasjonane i Etne, Sandeid, Skjold, Skånevik og Ølen
- Øving og opplæring av mannskap
- Forebyggende oppgaver
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Utdanning fra Norges Brannskole jf. dimensjoneringsforskrifta §§ 7-6 og 7-8
- Gjennomført høgskuleutdanning innen brannsikkerhet, beredskap eller annen relevant studieretning
- Gode samarbeids- og lederegenskaper
- Tilfredsstillande politiattest
Søkjarar utan gjennomført utdanning ved Norges Brannskole, jf. kvalifikasjonskrav i henhold til dimensjoneringsforskriftens § 7-8 må være villig til å tileigna seg denne kunnskapen. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Andre opplysningar:
- Tenestestad kan bli flytta til Ølen i forbindelse med utbygging av ny brannstasjon
- Stillinga er delt som 60 % leiar beredskap og 40 % utførande førebyggjande arbeid.
- Det kan være aktuelt å delta i Vindafjord kommunes vaktordning for overbefal (slik brannordningen i Vindafjord er organisert per dags dato). Deltaking i vaktordninga fordrar at kandidaten er busett i Etne eller Vindafjord kommune.
Lønsvilkår: Løn etter avtale
Vindafjord kommune kan tilby:
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Gode senioravtalar
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Alle som vert tilsett i Vindafjord kommune startar minimum på 4 år på minstelønsstigen
- Vindafjord kommune er IA -bedrift
For nærare opplysingar om stillinga, kontakt Morten Svandall på tlf: 95207657, eller epost:
[email protected]
Vindafjord kommune oppfordrar alle våre søkjarar å søkje på stillinga via vårt digitale søknadssenter www.vindafjord.kommune.no.
SØKNADSFRIST: 15.08.2014 |