Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
  Livsviktig
  Brannsikker bolig
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

UTRYKNINGSLEIAR

Arbeidsgiver: Os brann- og redningsvesen
Søknadsfrist: 04.11.2012
 

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stort potensiale for vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

 

 

Utrykningsleiar Os brann- og redningsvesen

 

Ved Os brann- og redningsvesen er det frå 01.01.2013 ledig nyoppretta 100% stilling som utrykingsleiar/dagpersonell.

Den som vert tilsett blir og utrykningsleiar på vaktlaget for deltidspersonell (kveld/natt/helg) for tida 1,92% stilling.

 

 

Arbeidsstad

Arbeidsstaden vil bli i den nye brannstasjonen på Moberg.

 

Arbeidsoppgåver

- Du vil delta som utrykningsleiar/dagpersonell ved branner og andre ulukker

- Du vil delta som intruktør/kurshaldar

- Du vil delta i vedlikehald av materiell, utstyr og lokaliteter

- Du vil arbeida med risiko og sårbarhetsanalyser, planarbeid og enklare sakshansaming m.v.

 

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg at du har:

- Relevant fagutdanning

- Erfaring frå beredsskapsarbeid

- Leiarerfaring

- Ha erfaring/kompetanse HMS-arbeid og/eller undervisning

- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

- Har normalt gode IKT-kunnskapar og har god praktisk innsikt

- Tilfredstiller kravene i Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 7-7

- Redningsdykkarkompetanse

- Førstehjelpskompetanse

 

Du må ha:

- Førarkort - klasse C

- Bustad innanfor max 5 minutter køyretid til Os brannstasjon på Moberg

- Leggja fram  politiattest

- Tilfredstilla dei fysiske og medisinske krava til røykdykking

 

Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar

 

Vi oppmodar kvinner til å søkja

 

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

 

Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

 
For tilsette som søkjer på stilling  logg på med eige brukarnamn og passord, tidlegare motteke e-post frå personalavdelinga.
 

Dersom du treng hjelp og eventuelt treng nytt passord, kan du venda deg til personalavdelinga.

 

Søknadsfrist: 04.11.2012 Utlyst dato: 22.10.2012 Vårref: 631/JAV

 

Kontaktpersoner

Stein Gjøsund, Brannsjef, 56575344, 98234427, [email protected]

Arne Monsen, Leiar beredskap, 56575347, 98234448, [email protected]

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Marianne Juul

 

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann