Utlysing av stilling som brannmeister
Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har p.t. 9 tilsette på heiltid og ca 100 deltidstilsette fordelt på 9 brannstasjonar/depot.
Brannmeistaren vil ha sentrale oppgåver knytt til drift og vedlikehald av våre brannstasjonar samt kurs og øvingar.
Ynskjer du å bidra til at Sogn blir ein tryggare stad å bu og styrke arbeidet med beredskap har vi ledig 100% fast stilling (nyoppretta) som ”brannmester” for våre brannstasjonar.
Sentrale arbeidsoppgåver vil være:
- vedlikehald av brannbiler og materiell, orden i brannstasjonane
- avviksrapportering, oppfølging og dokumentasjon
- tilrettelegging i samband med øvingar
- halde øvingar og kurs
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- teknisk/mekanisk bakgrunn
- grunnkurs brannkonstabel og evt beredskapsutdanning trinn 1 frå Noregs brannskule
- førarkort klasse C (eller ta dette innan 6 mnd.)
- ambulanse eller annan relevant redningsteknisk kompetanse
- erfaring som instruktør
Det vil være aktuelt å tilsetje søkar utan ynskjeleg formell kompetanse, men då må søkar vere villig til å ta naudsynt utdanning etter tilsetjing (gjeld grunnkurs og beredskapsutdanning trinn 1) og sertifikat kl.C.
Vi har p.t vakansar i utrykkingstyrken i Sogndal, Gaupne og det blir forventa at ein deltek i utrykkingsstyrken der ein evt er busett, under føresetnad av at ein er helse messig og fysisk skikka og bur nær brannstasjonen.
Du vil bli utfordra på å stille opp uavhengig av organisasjon messig tilknyting. Sogn brann og redning er ei lita eining som krev at vi dreg lasset saman.
Vi tilbyr:
Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale, gode pensjonsvilkår.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til avd.leiar beredskap/varabrannsjef Vidar Trettenes på tlf.90037256 eller epost: [email protected]
Søknad med kortfatta CV sendast til:
Sogn brann og redning IKS, pb. 153 6851 Sogndal
Eller epost: [email protected]
Søknadsfrist: 17 sept 2012 |