Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stort potensiale for vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.
Branninspektør/Overbrannmeister
Ved Os brann- og redningsvesen er det ledig fast stilling som branninspektør/overbrannmeistar ved førebyggjande
avdeling.
Vedkomande som blir tilsett vil og inngå i vaktordninga som overbefal og må vere busett i Os kommune.
Arbeidsstad
Os brann- og redningsvesen held for tida til i lokaler i Os sentrum. I desember 2012 skal vi flytte inn i ny brannstasjon
på Moberg.
Arbeidsoppgåver
Du vil få brannførebyggjande oppgåver som tilsyn og informasjonsarbeid.
Du vil få sakshandsaming/undervisning i samband med oppgåver som er tillagt avdelinga.
Du vil få kommunalt beredskapsarbeid som planarbeid, ROS analyser etc.
Kvalifikasjonar
Du har eller er viljug til å tilegna deg kvalifikasjonar etter dimensjoneringsforskrifta § 7-6 og § 7-10.
Etter § 7-6 Forebyggjande personell
Forebyggjande personell skal ha gjennomført yrkesutdanning i forebyggjande brannvern og ha enten:
- Utdanning som ingeniør fra ingenørhøgskule, annan relvevant høgskuleutdanning eller særskilt brannteknisk
utdanning på same nivå, eller
- Yrkesutdanning for brannkonstabel i heiltidsbrannvesen samt bredskapsutdanning trinn 1, eller
- Fagutdanning som feiarsvein.
Etter § 7-10 Overordna vakt
Overordna vakt skal ha gjennomført utdanning som leiar av beredskapsavdeling, jmf §7-8 eller leiar av forebyggjande
avdeling, jmf §7-9 med tillegg av beredskapsutdanning trinn 3.
Personleg framferd og eigenskap vil bli vektlagt.
Dersom den som vert tilsett ikkje har naudsynte kvalifikasjonar etter § 7-6 og 7-10 må vedkomande som vert tilsett vera viljug til å tilegna seg denne kompetansen.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Slik søkjer du
Elektronisk søknadsskjema på vår heimeside: www.oskommune.no Dersom du treng hjelp kan du venda deg til personalavdelinga.
Søknadsfrist: 16.03.2012 Utlyst dato: 07.02.2012 Vår ref: 425/JAV
Kontaktpersoner
Stein Gjøsund, Brannsjef, 56575344, 98234427, [email protected]
Anne Kjersti Storebø, Leiar førebyggjande, 56575346, 98234447, [email protected] |