KVINNHERAD KOMMUNE -fellesskap og trivsel – utvikling og vekst
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad er ein vidstrakt kommune og har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Leiar brannførebyggande avdeling / branninspektør
I Kvinnherad kommune er det ledig stilling som leiar av brannførebyggande avdeling, evt. branninspektør ved internt opprykk. Brannvernet har 4 faste stillingar og 82 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar.
Arbeidsoppgåver Stillinga gjer utfordrande oppgåver med tilsyn, saksbehandling, leiing og informasjonstiltak. Andre arbeidsoppgåver relatert til førebyggande arbeid, HMS og beredskap må påreknast. Stillinga inngår i overordna vakt, det er derfor krav om bustad/oppmøtetid.
Kvalifikasjonar
Ø Utdanning ihht Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen §§ 7-9 og 7-10 (§7-6 for branninspektør).
Ø Tilfredsstillande helse
Ø Førarkort kl B og førarkort kode 160, ynskjeleg med kl C
Ø God munnleg og skriftleg framstillingsemne
Ø Personleg egna, sjølvstendig og serviceinnstilt
Søkjar som ikkje tilfredsstiller krava fullt ut ved tilsetjing, må forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring.
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale. Overordna vakt vert godtgjort etter gjeldande særavtale.
Kontaktperson: Brannsjef Grete Nesheim, tlf 53 48 32 72.
Send søknad elektronisk via www.kvinnherad.kommune.no innan 15. mars 2011. |