FEIAR
Interkommunalt brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS er eit samarbeid for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Selskapets føremål er å samarbeide om brannvesen og utføring av lovpålagde brannførebyggande oppgåver i kommunane. Brannsamarbeidet har kontorstad i Høydalsmo.
Då ein av våre feiarar går over i anna stilling søkjer vi hans etterfylgjar.
Feiaren skal ha utgangspunkt i Høydalsmo, men for tilsette som bur andre stader vil ein prøve å legge til rette for fleksible løysingar.
Arbeidsoppgåvene er feiing av røykkanalar og fyringsanlegg, tilsyn med bustader og førebyggande brannvern. Feiarane jobbar i team og overlappar der det er naudsynt innan brannsamarbeidets arbeidsområde.
KRAV TIL STILLINGA:
Fagbrev som feiar
Sjølvstendig og påliteleg
Gode samarbeidsevner
God skriftleg og munnleg framstillingsevne og kunnskap innan data
Førarkort klasse B
God helse og fysikk
Lønn etter avtale. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som fylgjer av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Det er 2% pensjonsinnskot i KLP.
Den som får tilbod om stillinga må framlegge helse og politiattest av nyare dato.
Ein tek atterhald om endringar i stillingas arbeids og ansvarsområde som fylgje av framtidige organisasjonsendringar.
Søknad med CV kan sendast: Vest Telemark Brannvesen v/Tore Metveit, 3891 Høydalsmo.
Eller: [email protected] innan31.01.11
Spørsmål om stillinga kan rettast til brannsjef Tore Metveit, 97016957 eller styreleiar Hans Kristian Lehmann, 97053367.