LEDIG STILLING I FLORA BRANNVESEN
Flora brannvesen søkjer etter ein person i fast 100% stilling innan førebyggande arbeidet.
Vi søkjer i utgangspunktet etter ein person som har utdanning innan førebyggande arbeid. Ved manglande formell utdanning vil anna relevant bakgrunn blir vurdert.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av gjennomføring av tilsyn på særskilte brannobjekt, samt skriving og oppfølging av rapportar.
Med forbehold om politisk godkjenning vil denne stillinga også inngå i dagkassernering.
Dette set følgjande krav til den som skal tilsettast:
- Ein må være villig til å gjennomføre pålagt kurs innan beredskap, som m.a. grunnkurs og befalskurs 1.
- Ein må ha god fysisk helse, samt legeattest av nyare dato som tilseier at ein kan røykdykke.
- Grunna krav til oppmøtetid ved alarm, vil det være krav til at ein bur og oppheld seg innforbi ca. 5 km frå brannstasjonen, når ein har vakt.
- Ein må være villig til å ta sertifikat på tunge køyretøy innan eit år etter tilsetting. Dette må ein dekke sjølv.
For meir utfyllande informasjon sjå fullstendig utlysing på heimesida til Flora kommune på
www.flora.kommune.no
Det er ønskjeleg at du kan tiltre i stillinga så snart som råd er.
Lønn etter avtale.
Dersom du synest dette er interessant ta kontakt med brannsjef Magne Igland på tlf. 57756034 / 95815442 eller varabrannsjef Eivind Ask 57756035 / 41541471
Søknadsfrist 22. september 2008 |