OSTERØY KOMMUNE har både bru- og ferjesamband med fastlandet og nabokommunen Bergen. Kommune-senteret er Lonevåg. Kommunen har vakker og skiftande natur og ca. 7000 innbyggjarar. Næringslivet er variert med mykje småindustri og jordbruk. Kommunen har eit aktivt skule, og fritids- og kulturtilbod. Pleie- og omsorgstenestene er delt i Heimetenester og Institusjonstenester.
BRANNSJEF
Osterøy kommune har ledig 100% stilling som brannsjef.
Brannsjef er leiar av brannvernet, som inngår i kommunen si avdeling for tekniske drift.
Brannvernet er organisert med 5 brannstasjonar og 36 deltidstilsette, godt motiverte medarbeidarar.
Fast tilsett feiar og plan om tilsetjing av branningeniør inngår i det førebyggjande arbeidet.
Stillinga som brannsjef er tiltenkt som administrativ leiar for kommunal beredskap og kriseleiing. Risikokartlegging og konsekvensutgreiing i samband med ny brannordning vil også vera sentrale arbeidsoppgåver.
Krav til kompetanse i høve til Forskrift av 25.juni 2002 om organisering og dimensjonering av brannvesen, beredskapsutdanning trinn III og yrkesutdanning i førebyggjande brannvern.
Det er ønskjeleg at søkjar har beredskapsmessig røynsle, og kompetansebevis for førar av utrykkingskjøretøy.
Brannsjefen må bu i kommunen og stillinga inngår i vaktordning.
INGENIØR - BRANNVERN
Ved teknisk drift er det ledig nyoppretta 100 % fast stilling som ingeniør.
Stillinga vert tillagd arbeidsoppgåver innafor brannførebyggjande arbeid.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Tilsyn i særskilde brannobjekt.
- Informasjon, motivasjonsarbeid og opplæring.
- Sakshandsaming etter brann- og eksplosjonslov.
- Ut frå søkjar sine kvalifikasjonar kan også andre oppgåver bli tillagd stillinga.
Vi søkjer ein person med utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskule eller annan relevant utdanning på same nivå.
Det vil vera ein føremon med relevant praksis og kompetanse innafor brann- og redningsberedskap, då stillinga også kan verta tillagd beredskapsmessige oppgåver.
For begge stillingane:
Personlege eigenskapar:
- Serviceinnstilt og gode samarbeidseigenskapar
- God munnleg og skriftleg framtillingsevne.
- Arbeida sjølvstendig og i team
Eigen bil må nyttast i tenesta.
Løn etter avtale
Spørsmål til stillingane til brannsjef Jan Frode Hjellvik eller leiar teknisk drift Roald Hovden, tlf 5619 2100
Send søknad vedlagd attestar og vitnemål på fastlagd skjema som du finn på www.osteroy.kommune.no til Osterøy kommune, personalkontoret, 5282 Lonevåg innan 05.09.06 |