STAD: MULTICONSULT STAVANGER
DATO: 24.02.05.
KL: CA 09.00
Desse møtte: Rolf B Sandslett, Svein Myklebust, Oddvar Krakk, Audun Matre og Anne Hjort.
Forfall: Inge Grødem.
Rolf B Sandslett helsa velkommen og opna møte kl 09.05.
Sakliste:
Sak nr. 37.5.05.
Referat frå møte UTSTEIN KLOSTER HOTELL
Saksopplysningar: Referat er utsendt frå sekreter.
Vedtak: Ingen Merknader,referat godkjent.
Sak nr. 38.5.05.
Info til/frå kasserar
Saksopplysingar:. Forholdet til Postbanken kom i orden ved nyttår. RBL bør/skal vurdere våre bankforhold etter årsmøte. Rekneskap pr.dato er i samsvar med budsjett. Rekneskapet vart lagt fram av kasserar.
Vedtak: Styret godkjenner rekneskap. Det nye styret skal ta opp våre banforhold når ny kasserar er valgt.
Sak nr. 39.5.05.
Avtale Gjensidige Nor 2005.
Saksopplysningar: sjå referat sak 32.4.04. vedtak. Info frå leiar. Forslag til avtale lagt fram i møte, det er lite som tyder på at denne vert endra.
Vedtak: Leder i RBL får fullmakt til å sluttføra avtalen med Gjensidige Nor, og den skal leggjast fram for årsmøte som orienteringssak.
Sak nr. 40.5.05.
Medlemsmøte februar 2005.
Saksopplysningar: sjå referat sak 33.4.04. Etter det eg har fått opplyst frå leiar er dette no på god veg til å bli gjennomført. Små detaljer gjenstår. Audun orienterte om problem med forelesarar frå BE og DSB. Innvitasjon til møte er sendt ut.
Anne Hjort er blitt utfordra på å arrangere eit møte mellom konsulentar og brannvesen med tema “konsulentar – premisslevrandør eller garantist for sikkerhet”.
Vedtak: Møte skal vera i Vagleleiren onsdag den 02.03.05. Anne og Audun arbeidar med å få gjennomført dette i mai/juni.
Sak nr. 41.5.05.
Kommentar til sak 56 NBLF styremøte i Florø.
Saksopplysningar: Dette var oppe som sak på vårt styremåte på Kvernavik, der saka vart utsett. Saka kom ikkje opp på siste møte, og det vil vera greit om me ferdig behandlar denne sak no.
Vedtak: RBL tar sak 56 (Florø) NBLF til følge,og konstaterer at saka gjeld forhold til "nasjonalt" Forebyggjande Forum, og berører ikkje lokale forhold.
Sak nr. 42.5.05.
Tur til Rote Hahn sponsing av medlemmer..
Saksopplysningar: 24 medlemmer frå RBL er påmeldt, 41 stk. totalt.
Vedtak: Styret i RBL set av kr.30000,- til turen til Rote Hahn, beløpet skal utgiftførast på posten “kompetanseutvikling”.
Sak nr. 43.5.05.
Innkjøp av RBL vimplar.
Saksopplysningar: Leiar informerte litt om historikken til vår logo/vimpel. Beholdningen et tom. Det kom og forslag om å gå til innkjøp av “krest” (brannbefalslagets logo laget i bronse) montert på plate.
Vedtak: Det avsettes kr.5000,- til innkjøp av vimpel/”krest” på budsjett forslaget for 2005.
Sak nr. 44.5.05.
Årsmøte RBL 2005.
Saksopplysingar: Årsmøte vert den 08.04.05.kl 10.00 på Kårstø. Leiar tar kontakt med Kårstø. Det settes av 3 timar til medlemsmøte: info om turen til Rote Hahn – og info om brannvesenet på Kårstø og 1 time til selve årsmøtet.
Vedtak: Leiar og sekretær får ansvar for gjennomføring av møte. Utsendelse av årsmøtepapirer må vera ute til 18.03.05. Saker som skal sendast ut saman med årsmøtepapir må vera sekreter i innan 14.03.05.
Sak nr. 45.5.05.
Generalforsamling NBLF i Florø.
Saksopplysingar: RBL kan senda 6 personar til generalforsamling etter vedtektene. Kasserar opplyste at dette har me ikkje råd til. Stipulert kostnad for 6 stk er kr.50000,- . Det er for øvrig stor forvirring omkring prisar og opplegg rundt generalforsamling og seminaret. Det har vore kontakt mellom RBL s leiar og kasserar i SFBL. Desse E –mail har i etterkant vore sendt til leiar i NBLF. Svar er ikkje motatt.
Vedtak: Desse reiser til Florø 22. – 24. april 2005: Leiar, n.leiar, sekreter og kasserar. Sekreter skal selv (egen kommune) betala deler av kostnaden.
Sak nr. 46.5.05.
Nye medlemmer og støttemedlemmer til RBL.
Saksopplysningar: Info frå leiar. Det har vore kontakt mellom Leiar i RBL og leiar NBLF omkring Bjarte Bjørnson`s medlemmskap.
Det vert opplyst frå kassarar at Autronica er ført som enkeltmedlem. Det kom og fram at det er ønskjeleg å få fleire støttemedlemskap i RBL.
Vedtak: Bjarte Bjørnson godkjent som medlem. Autronica er støttemedlem, men er feil registrert på medlemslistene - dette ble umiddelbart rettet av leder. Styret i RBL ønskjer fleire bedrifter som støttemedlemer og vil gjera hendvendelser mot forskjellige firma t.d. konsulent og rådgjivningsfirma.
Sak nr. 47.5.05.
Innsatsledarkurs våren 2005.
Saksopplysningar: Info om framdrift frå leiar. Kurset var planlagt i februar. Etter ønskje frå dei som skal delta var april bedre.
Vedtak: Kursutvalget har vedtatt at kurset skal gjennomførast 1. til 3. april eller 15. til 17. april 2005 på Utstein Kloster Hotel eller Kvitsøy Maritim.
- 01.03.2005: Siste informasjon, - avgjørelse er tatt: Innsatslederkurs vil bli tilbudt våre medlemmer 1. - 3. April , - gjennomført på Kvitsøy Maritim.
Sak nr. 48.5.05.
Eventuelt.
Saksopplysningar: 1.Støtte til flaumofra i Asia. 2.Framtidig støtte til katastrofer. 3. Budsjett 2005.
Vedtak: 1. RBL støttar med kr 1000,-. 2. Sak kjem opp i det nye styret. 3. Styret arbeide gjennom budsjettforslag for 2005, kasserar set dette opp og legg det fram for årsmøte.
Svein Myklebust forlet møte kl 12.30. Møte slutt kl.01.25
Rolf B Sandslett
Leiar
Oddvar Krakk
Sekretær