PROTOKOLL FOR STYREMØTE I SOGN OG FJORDANE BRANNBEFALSLAG
Møtedato: 03.02.2005
Stad: Rica Sunnfjord Hotell, Førde.
Desse møtte: Leif Amundsen, Håkon Dyrstad, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Bjørn Anders Steinsund, Leif Otto Olsen og Bernhard Øberg
Per Grov kunne ikkje møte.
Sak nr. 02/05 Generalforsamling 2005. · Runar sender ut info til medlemmane · Programmet vart gjennomgått. Feilen rundt lunch på fredag var rette opp. · Rema vil spandere fruktfat til hotellromma. · Leif ville ordne namnelappar med lim. · Leif har søkt kommunen om fri parkering nord for brannstasjonen for parkering og utstilling. Han har fått avslag på dette. Kostnaden vert truleg kr. 6000,- · Det vert arbeidd med å få eit lokalt band til å spele på Quality Hotell på fredag kveld. · Det vert om lag 18 utstillarar under arrangementet. · Jarle har laga eigne påmeldingslister for utstillere, forelesarar og seminardeltakarar. · Leif Otto Olsen går inn som delegat i tillegg til resten av styret. · Det er lagt inn rabatt til medlemmane i SFBL med kr. 300,-. Dette tilsvarar årskontigenten. · Håkon undersøkjer om det er pensjonistar som ynskjer å delta. · Håkon sender ut invitasjon til ordførarar og rådmenn gjennom fylkesmannen sitt beredskapskontor. · Leige av samfunnshuset vil kome på kr. 5.000,- pr. dag. · Bernhard og Bjørn Anders ordnar med tellekorps til generalforsamlinga. · Regisrering av deltakarar vert ein jobb for Leif Otto, Arvid og Runar · Leif Otto må få oversendt plan over utstillingane for å kunne lage konkuranse. · Arvid Gilje har ansvaret for at foredrag vert lagt ut på nett. · På neste styremøte må det takast nytt bilde av styret som kan leggast inn på nettet.
Vedtak: · I tillegg til styret vert Leif Otto vald som delegat under generalforsamlinga
Neste styremøte 3. mars kl 10.00 på Sunnfjord Hotell.
Runar Kleppe Sekretær -sign- |