REFERAT FRÅ STYREMØTE STAD: FINNØY DATO: 26.08.04. KL.CA: 10.00
Desse møtte: Rolf B.Sandslett, Svein Myklebust, Oddvar Krakk, Inge Grødem, Audun Matre og Anne Hjort.
Sakliste:
Sak nr. 10.2.04. Gjensidige avtale. Saksopplysningar: Har vore i telefonkontakt med Kåre Skartland i dag, han kjem på møte. Tema vil vera neste års samarbeid. Vedtak: 1.Rolf B og Kåre lagar utkast til avtale mellom Gjensidige og RBL, gjeldande for 2005. 2. Rolf B og Svein i samarbeid med Kåre er ansvarleg for å komma med eit utkast til brosjyre, for å motivere det lokale brannvesen og skuleverket til aktivt å driva opplæring. 3. Svein får ansvar for å formidla Gjensidige vogn for 2005.
Sak nr. 11.2.04. Referatet frå styremøte i Ølen og medlemsmøte Stavanger. Vedtak: Ingen merknader.
Sak nr. 12.2.04. Representasjon ved Tore`s begravelse. Saksopplysningar: (For historie/arkiv) Vedtak: Det vart overrakt blomster til Kjellaug m/fam den 13.05.04. 4 repsentantar frå RBL deltok i Tore`s begravelse. Leiar i RBL heldt minnetale og la ned krans på båra.
Sak nr. 13.2.04. DSB seminar i november. Saksopplysningar: Info frå leder i RBL. Vedtak: DSB, BE og NBLF, i samarbeid med RBL arr.seminar den 2.nov. på Sola Strandhotel, kontaktperson leiar, arbeidsutvalet i RBL følgjer opp.
Sak nr. 14.2.04. Medlemsmøte i september. Saksopplysningar: Møte er planlagt til veke 39-40 med tema Lux brannsystemer. Dette var med på møte i Stavanger ,så me må finna eit nytt tema. (forslag: fysisk test helsekrav til kjemikaliedykking.) Vedtak: Rolf B og Svein planleggjer medlemsmøte der tema er: røyk- og kjemikailedykking. Møtedato er 30.09.04.
Sak nr. 15.2.04. Kasserer/økonomi/utbetalingar/informasjon/oppgåver og fullmakter. Saksopplysingar: Styret ved lagets leder må ha litt erfaringsutveksling med den nye kasseraren. Vedtak: Leiar og kasserar vurderer tidlegare bankforhold, evt. opprettar ny konto som er praktiske for Audun. Info til og frå kasserar skal vera med som sak til kvart styremøte.
Sak nr. 16.2.04. Nye medlemmer. Saksopplysning: Arbeidsutvalet har godkjent Stella B. Falkeid br.Sør Rogaland. Vedtak: Ingen marknader, kasserar sender materiell til det nye medlemmet.
Sak nr. 17.2.04. Elev organisasjon HSH ”passivt medlem. Saksopplysningar: info frå leder (godkjenning frå forbundstyret) Vedtak: Leiar sluttfører spørsmålet om medlemskap med OBS,HSH og videresender denne til forbundstyret til godkjenning, søkjer samtidig om fritak for kontingent til NBLF.
Sak nr. 18.2.04. Stipendsøknader. Saksopplysningar: Søknad frå Rolf B Sandslett til møte 13.02.04.(Rolf kan du ta med orginal då eg ikkje har den) og søknad frå Eivind Rake. Info frå leder. Vedtak: Styre behandla 2 søknader. 1.Søknad frå Eivind L Rake, forskningsopphald ved eit utanlandsk universitet, Dr.ing.grad. 2.Søknad frå Rolf B Sandslett, aktiv brannventilering.
Styre vedtok å vektleggja søknad om støtte til utarbeidelse av skriftleg lærematreiell på norsk for ”normal innsats” med bruk av overtrykksventilering som mest relevant for norske brannvesen, og vedtok derfor å tildele et stipend på kr.10 000,- til Rolf B Sandslett.
Rolf B Sandslett forlot styremøte under behandling av denne sak.
Sak 19.2.04. Evt. arkivar ønskjer plass til saksdokument m/m. Vedtak: Leiar tar kontakt med br.sjef Brannvesnet Sr.Rogaland om dei kan ha plass. Leiar informerer arkivar om dette.
Rolf B.Sandslett, leiar Oddvar Krakk, sekretær |