Sted : Hovudredningssentralen SOLA Dato : 21.04.04. Kl. 10.50 – 14.00 26 medlemmer møtte.
CTIF brannidrett Rolf Sandslett innformerte om CTIF brannidrett.Dette er ein internasjonal grein,der Norge er medlem,men det har ikkje vore den store aktiviteten. Kvar nasjon har ein komite, der Trond Rane, Sandefjord er leiar.
Kvart fjerde år er det olympiade i 2001 var den i Finland.Den neste skal gå i Varazdid i Kroatia i 2005. Kvar nasjon kan stilla med 10 lag (landslag)
Hausten 2003 var nokre ildskjeler samla i Vestfold,der var eit Dansk lag og demonstrerte idretten. Karmøy brannvesen har nå eit aktivt lag og øver regelmessig,dei skal til Dannmark til sommaren og delta i ei nasjonal tevling.
Rolf avslutta innlegget sitt med å visa ein Power – point presentasjon over kva dette går ut på.
Redningsline Karmøy brannvesen har ei stund hatt lett redningsline til demonstrasjon. Eit eks. hadde Rolf tatt med til møte. Han snakka om denne,den er utskytbar og var pakka i ein praktisk koffert.(Svensk)
P.g.a. lite tid vart ikkje lina demonstrert.
Lunsj Kl.11.15 vart det servert lunsj i kantina ved HRS.
Sola flyklubb KL.12.00 skulle Sola flyklubb v/ Jarle Finsveen ha eit innlegg om deira aktivitet. Han hadde dessverre ikkje fått melding om endra dato,men me var heldig og fekk tak i Bjørn Magnussen som fortalde om Sola flyklubb og særskilt skogbrannovervaking.
Sola flyklubb skal fyka 50 – 60 timar brannvakt denne sesongen.Dei fyk i ca.4000 ft og då får dei god oversikt. Dekningsområde er i hovudsak Sør Rogaland. 11 kommunar er med denne sesong.
Til sist gjekk han gjennom deira prosedyrar iht. innstruks.
HRS Kl 12.25 fekk redningsinspektør Sølve Tanke Hovden ordet,han gjekk gjennom redningstjenestebegrepet. Han var innom desse momenta: • Opplæring – planverk – samordning. • HRS – organisasjon • HRS – planverk • 3097 hendelser i 2003 (dette er ein auke på 11% frå 2002)
Tanke Hovden var svært dyktig – humoristisk og kom med gode historier frå redningstjenesten i Norge opp gjennom tidene.
Til sist synte han ein nyinnspelt DVD på 9 min som omhandla redningstjeneste.
Etterpå var det omvisning i dei nye lokala til HRS.
Anne takka Rolf for flott innsats det siste året,og han fekk overrakt blomster. Blomsret vart og overrakt til Bjørn Magnussen og Sølve Tanke Hovden. KL 13 .55 var møte slutt.
Oddvar Krakk Sekreter. |