PROTOKOLL FOR ÅRSMØTE.
Årsmøtet vart i år halde på Rica Sunnfjord Hotell den 26.03.04. På årsmøtet møtte 18 medlemmar. Det var også i år lagt opp til eit fagleg seminar og sosialt opplegg rundt årsmøte. Hovudtema på seminaret fredag var i hovudsak vinkla mot industrivern og korleis samarbeide med det lokale brannvesen. Tema ellers var tunellsamband og tilsyn etter den nye veiledninga til førebyggande forskrift.
Sak nr. 1. Åpning:
Leiaren i brannbefalslaget Leif Amundsen åpna årsmøtet og ynskte medlemmane velkomne. Dette er det 14. årsmøte i laget si historie.
Sak nr. 2. Val av dirigent:
Arne Hauge frå Høyanger vart vald som dirigent. Ketil Nord frå Eid og Petter Roset frå Gjensidige vart valde til å skrive under protokollen. Runar Kleppe vert vald som referent.
Sak nr. 3 Årsmelding:
Leiar Leif Amundsen gjekk gjennom årsmelding.
Det var ikkje merknader til årsmeldinga.
Sak nr. 4. Rekneskap:
Kasserar Jarle Dragesæt la fram rekneskap for året 2003. Rekneskapet viste ein balanse på kr. 251.884,-, som ga eit underskot på kr. 44.485,-. Inntekter for brannvernleiarkurs med ca kr.12.000,- og inntekt frå temadag på Skei med ca. kr. 9.000,- er med i rekneskapet for 2004.
Rekneskapet vert godkjent.
Jarle la og fram budsjett for år 2004. Med ein balanse på kr. 221.000,- med eit berekna overskot på kr. 51200,-
Budsjettet vart teke til etteretning.
Sak nr. 5. Innkomne saker:
Det var ikkje kome inn saker for handsaming på årsmøtet.
Sak nr. 6. Val:
Arne Hauge la fram valnemnda sitt forslag til styre. Alle i styret har vore spurde. Valnemda har føreslege Runar Kleppe inn som sekretær og Bjørn Anders Steinsund inn som nytt varamedlem.
Valnemnda sitt framlegg:
Leiar, Leif Amundsen, Florø til år 2005
Nestleiar, Håkon Dyrstad, Bremanger til år 2006
Kasserar, Jarle Drageset, Stryn til år 2005
Sekretær, Runar Kleppe, Gloppen til år 2006
Styremedlem, Arvid Gilje, Aurland til år 2006
Varamedlem, Per Grov, Fjordbase til år 2005
Varamedlem, Bjørn Anders Steinsund, Jølster til år 2005
Medlemmane i styret vert valt for 2 år om gangen for å få kontiunitet i styret. Varamedlemmane vert valt for 1 år om gangen.
Det kom merknader frå salen om at sekretær har følgt leiar når det gjeld valgår.
Val:
1. Nestleiar Håkon Dyrstad vert vald for 2 nye år
2. Runar Kleppe vert vald som sekretær fram til 2005.
3. Bjørn Anders Steinsund vert vald som ny varamedlem saman med Per Grov, for 1 år.
Det kom ikkje framlegg til endring av valnemnd:
Arne Hauge, Høyanger
Leif Otto Olsen, Førde
Per Martin Berglund, Vik
Valnemnda må konstituere seg sjølve.
Årsmøtet godkjenner valnemd.
Framlegg til attval av revisorar:
Arvid Valland, Sogndal
Einar Nedrelo, Sogndal
Årsmøtet godkjenner styret sitt framlegg.
Håkon Dyrstad orienterte til slutt om møta i forbundsstyret og han minte om:
• Registrering av solskinshistorier
• Bruke heimesidene
• Sjå på reglane om fyrverkeri og evt. kome med tilbakemelding om endringsforslag.
Ketil Nord Petter Roset