Stad:
Vestnes Fjordhotell.
Agenda
· Presentasjon av utstillarar
· Fylkesmannen, kommunal beredskap og tilsyn med brannvesenet
· Lunsj (ball)
· Kva er status for brannvernsamarbeid i Møre og Romsdal i dag?
· Revisjon av Rettleiing til fysiske- og helsemessige krav til røyk- og kjemikaliedykkarar.
Leiar Trygve Lennavik ynskja alle velkomne, og spesielt til utstillarar og foredragshaldarar. Førtitre personar var med under medlemsmøtet, og dette var føredragshaldarar, utstillarar og medlemmar av MRBL.
Nytt for medlemsmøtet var videokonferanse, og det skjedde med Tor Fjelldal frå Arbeidstilsynet vedkomande revisjon av Rettleiing til fysiske- og helsemessige krav til røyk- og kjemikaliedykkarar.
Presentasjon av utstillarar
Kvar enkelt utstillar fekk nokre minutt til å presentere seg sjølv, firmaet og nokon prata litt om enkelte produkt.
· Albert E. Olsen kunne informere om
o At firmaet er 110 år i år, og er eit solid firma
o Har ein ny branndress som berre er 3,6 kg.
· MSA/Brannvernservice prata om
o Ny servicebil for kontroll av masker og flaskesett
o Nyhende på standen
· Wenaas 112 hadde følgjande nyhende
o Anne Berit var presentert som representant for Møre og Romsdal
o Ny feiarkolleksjon, med forsterkningar på utsette stader og refleks
o Stasjonsklede
o Sko.
· Braco v/Hildegunn (for siste gong), og Tina Søvik (presentert som «Hildegunn junior») som etterfølgjaren, hadde følgjande utstyr å prate om og vise
o Nytt strålerøyr – og denne er testa ut av tre brannvesen
o Elles mykje utstyr på standen.
Fylkesmannen, kommunal beredskapsplikt og tilsyn med brannvesenet
Fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal hadde foredraget. Følgjande emne var ein del av foredraget:
· Definisjon av tittelen fylkesberedskapssjef, og at dette er ein god og gamal tittel
· Generell betraktning av regional og lokal tryggleik i Møre og Romsdal.
· Kva kan eigentleg gå gale?
o Ingen vulkanutbrot, men fekk oskesky
o Anna høve innan naturkatastrofe og ulykker. Dette kan vere både stort og smått
o Kjenneteikn: «Hendingar ut av det blå»
· Einaste realistisk førebuing og botevon er god grunnberedskap
· Beredskapsplanar er det viktigaste hjelpeverkty
o Har noko å handle etter når noko skjer
o Ha nykelpersonar, og sjefen skal vere kopla inn
o «Blø» for planen
§ Vedlikehald av planar
§ Få med seg endringar
· Grunnberedskap er betre enn sitt rykte
o Gjeld spesielt for kommunalt beredskap
o Krisehandteringa er bra, men førebuing og førebyggande tiltak kan verte betre
· Grunnberedskap er ikkje berre eit offentleg ansvar
o Kvar enkelt har ansvar for sitt bygg/domene
o Det offentlege tek ansvar for dei som ikkje kan ta vare på seg sjølv (og andre)
· Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FM)
o FM er Kongen og Regjeringa sin representant
o FM skal vite litt om alt, og ikkje alt om noko
o Vart vist ulike organisasjonskart, men det var informert om at FM er i ein prosess kor dei skal sjå på organiseringa
§ Heile FM
§ Kommunal- og beredskapsavdelinga
o Grunnoppdrag er rettleiing og pådrivar overfor kommunane. FM vil starte med tilsyn av kommunane i 2013
· Diskusjon under foredraget:
o IUA bør ha tilgang til CIM, med omsyn til delplanane. Foldal ynskjer skriv om kva IUA’ene saknar og foreslår som forbetringstiltak.
· Kommunen sine system for beredskap
o Den hengjer i planstrategien
o ROS er viktig for å finne strategiar
o Kriseplaner, som skal tre inn når «Den dagen noka har skjedd». NB! Viktig å vite kor ein står i systemet når det er «heitt rundt øyrene», spesielt opp mot presse
· Store forventningar til kommunane
o Det er krav til ROS og beredskap, og dette er lovfesta
o 2009 – noko skjedde då Ot.prp. nr. 61 kom
o Sivilbeskyttelseslova § 14 viser til krav om ROS og beredskap
o Forskrift om kommunal beredskap m/rettleiing
o Temarettleiing om kommunal bereskapsplikt
o I juni 2013 kjem ei rettleiar om heilskapleg ROS-analyse
o Ingen av desse dokumenta skildrar ansvar og oppgåver til brannvesenet spesielt. Frå salen kom den kommentar på at dette er rart, då brannvesen vil verte så sterkt involvert uansett.
· Meir om Forskrift om kommunal beredskapsplikt
§ 2 ROS
o Kommentar: Brannvesen bør sitje i den kommunale toppanalysen
o Heilskapleg ROS-analyse – sjå følgjande analyser
§ Nordal og Ørsta som er nyleg ferdig
§ Hareid som ligg til politisk handsaming
§ 3 Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleik og beredskapsarbeid Foldal: § 2 og § 3 vert tema ved tilsyna med kommunane i 2013 § 4 Beredskapsplan
o God kontaktinformasjon i staden for detaljert oversikt, for eksempel over utstyr
§ 5 Samarbeid mellom kommunane
o Ingen interkommunale brannvesen i Møre og Romsdal
§ 7 Øvingar og opplæring
o Krav til øvingar kvart andre år
o Må lage eigne øvingar, og ikkje berre vere med på FM sine øvingar. Brannvesenet kan hjelpe gjennom sine øvingsplaner
§ 9 Dokumentasjon
o At forskriftskrav er oppfylt
· Beredskapstilsyna i FM
o Har ulike former for tilsyn, men i det siste har det ikkje vore tilsyn i perioden 2010 – 2012. Ny syklus vil kome i 2013
o Metodikk: Systemrevisjon, tilsyn vs. rettleiing.
§ Formøte par veker før tilsynsdagen
§ FM vil ha sendt over dokumentasjon frå kommunen før tilsynsdagen
· Vedkomande FM sine tilsyn med brannvesen
o Ikkje noko nytt frå DSB sidan sist
o Saka ligg hjå «Justis»
o DSB har laga eigen rapport
o FM har per no liten fagkompetanse, og det er stor skepsis innetter i FM å ha denne oppgåva
o Opplegget er minst eit år forsinka
· Brannvesen i den kommunale beredskapen
o Kan verte betre
o Ad CIM – DSB, ynskjer brannvesen som meir koordinerande i systemet
o Bamle kommune – brannsjefen er leiaren av beredskapskoordineringa.
Lunsj (ball)
Som vanleg på ein torsdag vart det servert ball, men det var fire typar ball. Kvitfiskball, saltfiskball, blandaball og den gode gamle sorten potetball.
Kva er status for brannvernsamarbeid i Møre og Romsdal i dag?
Bjørn Bakkhaug hadde foredraget, og følgjande emne var i foredraget:
· Status for heile Noreg
o Skjedd veldig lite med omsyn til interkommunale løysingar
o Møre og Romsdal er det ingen interkommunale løysingar, men nokre brannvesen sel tenester (Molde, Kristiansund, Ålesund, Surnadal)
o Samanslåing (tips): Ikkje sjå berre på inntektssida, det vil også vere ein utgiftspost
o Er bistandsavtalar i Møre og Romsdal
o Fleire planar om samanslåingar, og planane er komen langt på Nordmøre
§ Tips: legg av det personlege i ein slik prosess, for eksempel sjansen for å miste overbefalsvakta.
o Brannstasjonane i Møre og Romsdal bør vere der dei er, grunna avstandar
· Førebyggande avdeling kan godt vere ein avdeling for heile Møre og Romsdal, også avdelingar for opplæring og øvingar
o Verksemder vert større og etablerast i ulike kommunar. Dermed møter dei ulike førebyggande avdelingar
· Overordna vakt ved samanslåingar
o Sjå på kva befalsvakta gjer i ei hending i dei ulike kommunane
§ I Oslo drar befalsvakta ut ein gong i året
§ I Molde/Kristiansund/Ålesund drar befalsvakta ut på ca. halvparten av utrykkingane
§ På Haram drar befalsvakta på alle utrykkingane (ca. 40 gonger i året)
§ Kommentar: Små kommunar kan kjøpe overordna befalsvakt frå store kommunar. Dei små kommunane kan utdanne underordna befal, som gjer dei fleste oppgåvene til overordna vakt.
· Tilsyn – det er stor svikt i oppfølging av tilsyn
o Kva signal sender vi til eigarar/verksemd?
o Ha god nok avstand til representantane i objekta
· Samarbeidsområder
o Leiing, førebyggande brannvern, samt øving og opplæring
o Beredskap – mykje å hente på spisskompetanse. Til brannbefalslaget – ver med på å vidareutvikle ELS
o Kommentar: økonomi må verte klargjort overfor politikarar
o Kommentar på samanslåing:
§ Kvalitet framfor økonomi
§ Ingen garanti for at kommunar sparer pengar.
Revisjon av Rettleiing til fysiske og helsemessige krav til røyk- og kjemikaliedykkarar
Dette var ein videokonferanse med Tor Fjelldal frå Arbeidstilsynet. Han hadde følgjande tema:
· Revisjon av rettleiing røyk/kjem.dykking best nr. 579
o Har vore mykje diskusjonar og mange innspel
· Arbeidstilsynet og 579
· Rettleiinga til 579 om helsekrav ved røyk- og kjemikaliedykking. Kan ikkje dispensere, men finne alternative løysingar
· Krav om helseundersøking - § 30
· Oppbygging av 579
o Kommentar til samarbeid arbeidsgjevar/røykdykkar/BHT med kompetent lege – kompetanse til legane kan variere
· Fysiske testar – uthald og styrke
· Erfaringar med 579 – «Kjentmann», det er ikkje så strengje krav som for ein røykdykkar
· 579, revisjon. AT Vestlandet har ansvaret for denne revisjonen
· Samarbeidspartnare for revisjonen
· Moment til revisjonane
· Kva revisjonen skal byggje på
· CE-merking av røykdykkarutstyr
· Nye føreskriftar, der seks erstattar førtisju eksisterande. Forskriftskrava er uendra
o Tre hovudmål vart vist
o Kontakt svartenesta i Nord-Noreg om ein ikkje finn føreskriftene
· Kommentar: Kanaliser vår meining om rettleiaren til Trygve Lennavik.
Ulsteinvik, 12.12.12
William B. Ekeli
referent |