Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
  Livsviktig
  Brannsikker bolig
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Møre og Romsdal
Sted: Vestnes
Dato: 26.04.2012
 

REFERAT FRÅ MEDLEMSMØTE MØRE & ROMSDAL BRANNBEFALSLAG 26. APRIL 2011

 

Stad:

Vestnes Fjordhotell.

 

Agenda

·         Presentasjon av utstillarar

·         Samordna tilsyn

·         Brannvarsling i landbruket – moglegheiter og erfaringar

·         Det brenn for mykje i landbruket

 

Presentasjon av utstillarar

Kvar enkelt utstillar fekk nokre minutt til å presentere seg sjølv, firmaet og nokon prata litt om enkelte produkt.

·         Simarud AS /v Trond Simarud informerte om:

o   At dei har med to bilar

o   Pacific-hjelmar med kommunikasjonssystem.

·         Braco v/Hildegunn Johansen kunne fortelje om:

o   Kurs i tung redning og diverse verkty

o   At løfteputer går ut på dato.

·         Egenes Brannteknikk fortalde om at dei har med:

o   Kommandobil, hjelmar og støvlar

·         Coldcut System informerte om:

o   Skjæresløkkjar

o   At demobil er til sals (Cobra)

·         All Maritim v/Ann-Heidi Leine har med og prata om:

o   Ny absorbentpute

o   Boom-bagar.

·         Dräger v/ Tron Flenstad presenterte

o   Ny sørvismann for andedrettsvern

o   Hjelmar med kommunikasjonssystem.

·         AEO informerte om:

o   Firmaet, som er 110 år gamalt

o   Produkt - branndress

·         Wenaas 112 hadde tre nyhende å prate om

o   Røykdykkardress

o   Redningskjeledress for vinter

o   Ny stasjonsklede.

·         Elotec v/Ottar Lillemark fortalde om kva typar brannalarmanlegg dei fører:

o   Spesielt om aspirasjonsanlegg for landbruket.

·         TESS fortalde om:

o   Brannklede

·         Brannvernservice as har teke over MSA-produkt:

o   Utfører også service på desse produkta.

·         Nordvest Elektronikk AS fortalde om:

o   FAS, AKUB og radiosystem.

 

Før sjølve møtet starta fekk avtroppande leiar Geir Thorsen ei lita påskjønning. Påtroppande leiar Trygve Lennavik stod for dette.

I tillegg sa Trygve Lennavik nokre ord om at det nye styret vil jobbe vidare som før.

 

Samordna tilsyn

Anne Marie Myklebust frå Arbeidstilsynet hadde foredraget. Starta foredraget med å stille eit spørsmål: “Kven er HMS-etatane?” – det er oss. I kongeleg resolusjon og stortingsmelding stillast det krav til at vi i HMS-etatane samordnar oss. Vidare prata Myklebust om organisering, fellesaksjonar med omsyn til tilsyn, og diverse møter for planlegging og trekkje erfaringar for Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

 

Deretter prata Myklebust om tilsyn i landbruket spesielt , og følgjande tema vart teke opp:

·         Prosjekt:

o   Jæren-prosjektet i 2005

o   Prosjektet for Nord-Trøndelag i 2010

·         Statistikk i 2011:

o   Aukande tal med omsyn til brann i landbruk

o   I tillegg mykje skade og død hjå bønder

·         Hendingar i 2011, og det vart prata om aksjonar og tilsyn, samt mediehandtering

·         Vidare prata Myklebust om fakta og resultat frå aksjonen i 2011:

o   Samarbeid mellom brannvesen, DLE og Arbeidstilsynet (AT), og korleis dei presenterte feil og manglar

o   Film om aksjon i Sunndal vart vist (frå NRK Møre og Romsdal)

·         Aksjonar for 2012

·         Prinsipp ved gjennomføring av ein aksjon:

o   Før tilsynet

o   Sjølve gjennomføringa

o   Etter tilsynet.

 

Brannvarsling i landbruket – moglegheiter og erfaringar

Ottar Lillemark frå Elotec hadde føredraget. Først presenterte han firmaet (med blant anna produkt og referansar) og seg sjølv. Blant anna er det montert aspirasjonsanlegg i vindmøller, og dette er same type som for landbruket.

 

Deretter konsentrerte Lillemark seg om løysingar for landbruket, og kom med følgjande tema:

·         Moglegheiter og erfaringar

·         Produkt som er ISO 9001-sertifisert, og har Vds-godkjenning

·         Elotec har kontroll med alle anlegg som er montert

o   Montering

o   Sertifisering/autoriserer kontrollørar

o   Kontroll og vedlikehald osv.

o   Eigen “klageportal”

·         Gardsbruk med og utan brannalarmanlegg

o   20 000 bygg er usikra, og det har vore 1,7 milliardar i skadeutbetalingar

o   Første år for anlegga er kritisk, for då skal dei gjennom ulike miljø gjennom eit år. Blant anna kan årstidene påverke anlegga

·         Vidareutvikling

o   Nye produkt

o   Per nå er det 30 små og store prosjekt.

 

Det brenn for mykje i landbruket

Odd Rød frå Gjensidige Forsikring hadde foredraget. Først presenterte han seg sjølv og dei oppgåvene han har i selskapet:

·         Foredrag om brann i landbruket

·         Arbeidar mot ulike målgrupper.

 

Rød hadde følgjande moment under foredraget:

·         Utvikling av brann i landbruk/driftsbygg, og at dei fleste startar om natta

·         Hovudtiltak for å hindre brann:

o   Førebyggje – og dette er det viktigaste

o   Avgrensande tiltak:

1.       tidleg varsel

2.       sløkking – pulver framfor vatn, men best med begge deler

3.       avgrense/skiljar

4.       tilsyn – samordna og samtidig

·         Kor brenn det?

o   60 – 70 % er relatert til elektriske brannar, og det verste er serieljosbue i sikringsskap. I de seinare år har det også vore problem med ventilasjonsanlegg

o   Eit tiltak som var nemnd var private kontrollordningar med kompetent kontrollør

·         Bilete frå verkelegheita, med blant anna store driftsbygg med mange døde dyr

·         Kontrollskjema for “Elkontroll i bustad og landbruk”

o   For tida vert det jobba med eit anna system for større landbruk, med blant anna termografering

·         Brannskiljar – krav til dette i driftsbygg som er større enn 1 000 m², jf. TEK 10

·         Bør vere flinkare med samordna tilsyn

·         Til slutt eit lite hjartesukk – brannetterforsking er ikkje god nok.

 

 

Ulsteinvik, 18.05.12

 

William B. Ekeli

referent

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Marianne Juul

 

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann