PROTOKOLL FOR STYREMØTE I SOGN OG FJORDANE BRANNBEFALSLAG
Møtedato:
07.05.2009
Stad:
Sognefjord Hotel
Desse møtte:
Leif Amundsen, Bernhard Øberg , Runar Kleppe, Magne Igland, Inge Steinheim, Agnar Kveane
Arvid Gilje hadde meldt forfall
Sak nr. 06/09 Reiserekning.
Det var bedt om ny handsaming av saka
Vedtak:
Styret ser ikkje at det er kome nye avgjerande moment i saka og legg fram saka på nytt i årsmøte.
Sak nr. 07/09 Generalforsamling:
Representasjon på generalforsamlinga til NBLF på Lillehammer vart drøfta. På grunn av budsjettet for året ville styret redusere deltakelsen i forhold til tidlegare år.
Vedtak:
Styret vedtar å sende inntil 2 representantar til generalforsamlinga, med ei ramme på kr. 20 000,-
Runar Kleppe
Sekretær
-sign- |