PROTOKOLL FOR STYREMØTE I SOGN OG FJORDANE BRANNBEFALSLAG
Møtedato:
05.02.2009
Stad:
Skei Hotell
Desse møtte:
Leif Amundsen, Bernhard Øberg , Runar Kleppe, Magne Igland, Inge Steinheim, Arvid Gilje, Agnar Kveane
Sak nr. 01/09 Budsjett.
Budsjettet for 2009 vart drøfta. Det har tidlegare vore store utgifter med deltakelse på generalforsamling som vert arrangert kvart 2. år. Revidert budsjett vert då med ei omsetning på Kr. 140 000,-
Vedtak:
På grunn av økonomien bør det denne gongen sendast berre 2 utsendingar.
Sak nr. 02/09 Årsmøte:
Tema til årsmøtet og fagdel vart drøfta. Aktuelle foreleserar/bidragsytarar er DSB, BE, heimetenesta.
Vedtak:
Hovudtema vert ”brann i eldrebustadar”.
Sak nr. 03/09. Førarkompetanse:
Bernhard var i tvil om kompetansen på køyring av tyngre materiell, og ynskte seg ei oversikt i fylket over opplæringsbehovet til klasse C.
Vedtak:
Bernhard hentar inn opplysningar frå brannsjefane.
Sak nr. 04/09 Reiserekning:
Det er kome klage på handsaminga i kravet om dekking av reiseutgifter i regi av brannbefalslaget. Styret kan ikkje overprøve årsmøtevedtak. Det må i tilfelle leggast fram for årsmøte på nytt.
Vedtak:
Styret vedtek å legge saka fram for årsmøte.
Sak nr. 05/09 Ymse:
- Styret må kome med framlegg til ny valnemnd.
- Det er komen ny video frå Gjensidige, ”15 trygge minutt”. Denne kan vi dele ut til brannvesena i fylket.
Runar Kleppe
Sekretær
-sign- |