PROTOKOLL FOR STYREMØTE I SOGN OG FJORDANE BRANNBEFALSLAG
Møtedato:
02.12.2006
Stad:
Florø
Desse møtte:
Leif Amundsen, Bernhard Øberg Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Magne Igland, Arvid Gilje, Per Grov, Håkon Dyrstad
Sak nr. 01 6-klasse prosjektet.
Sogn og Fjordane Brannbefalslag har saman med Gjensidige og el-tilsynet laga eit felles opplegg for informasjon til alle 6-klassingane i Sogn og Fjordane. Det er laga ei køyrerute, der alle brannvesen har fått tildelt sine veker der dei disponerer slokkehengaren saman med informasjonsmateriell som er utarbeidd.
Etter ein noko treg start er no opplegget kome i gang og er no køyrt i 3 kommunar. All informasjon bruken, som antall elevar og evt. endringar og vanskar, skal gå til servicetorget i Førde kommune. Dette har til no ikkje fungert godt nok.
Det har vore drøfta innafor laget kva kompetanse det vert kravd for å refylle øvingsapparat. Leif Amundsen tok opp dette på landsrådsmøte. Det var klar tilbakemelding om at det ikkje er konkrete krav, og at det er opp til brannsjefen å godkjenne kvalifisert person.
Vedtak:
- Styret er godt nøgd med at informasjonsopplegget for 6-klasse er kome i gang.
- Fylling av øvingsapparat er brannsjefen sitt ansvar.
Sak nr. 02 Framtidig kurs og opplæring.
Kursa for vedlikehald av slokkeutstyr har ikkje gjeve forventa overskot. Styret trur ikkje at kursavgifta kan aukast. Det bør derfor vurderast om laget skal drive desse kursa, eller om noko kan justerast. Det vart vidare drøfta om laget skulle lage retningslinjer for gjodtgjersle til kurshaldarar innafor laget.
Brannvernleiarkursa har vore ei god inntektskilde for laget. Håkon Dyrstad som er primus motor for desse har laga eit nytt opplegg og viste dette på power point-presentasjon. Kursa er fortsatt 1-dags kurs og det har vore god interesse for desse.
Berhard og Leif har vore i kontakt med Narve Helle, som saman med brannvernforeininga hadde planer om å arrangere kurs i montering av ovn, i Sogn og Fjordane. Brannbefalslaget vart då spurd om å vere teknisk arrangør. Laget har tidlegare vore med å stifta feierforeninga, og det er kanskje naturleg at dei får tilbodet om å arrangere dette først.
Risikoanalyse er eit aktuellt tema. Bernhard har snakka med Narve Helle som gjerne ville kome til Sogn og Fjordane å halde kurs.
Det vart drøfta om organisasjonsforma til laget burde vore endra.
Vedtak:
¨ Arvid Gilje undersøkjer korleis andre arrangerer kurs i vedlikehald av slokkeutstyr, og melder tilbake på neste styremøte.
¨ Runar prøver å lage eit forslag til godtgjersle for kurshaldarar innafor laget.
¨ Magne Igland tek kontakt med feierforeninga om dei har interesse for å arrangere kurs i monering av ovn.
¨ Berhard tek kontakt med Narve Helle om kurs i risikoanalyse.
¨ Jarle tek kontakt med styre i NBLF om organisasjonsform for laget.
Sak nr. 03. Årsmøte i 2007:
Det er tidlegare bestemt at årsmøte i 2007 skal haldast i Sunnfjord. Leif har henta inn tilbod frå Rica Sunnfjord Hotell.
Leif har snakka med fylkesberedskapssjefen. Det skal i dei tider vere klar ei melding om fylkesberedskapen, og det kunne truleg passe å informere om denne. Det vart drøfta ulike tema for årsmøte:
¨ Beredskap – Fylkesberedskapssjefen
¨ Samarbeid i fylke
¨ Direktoratet
¨ Ekstremsituasjonar
Vedtak:
Det vert vedteke å arrangere årsmøte med seminar den 16. – 17. mars 2007. Styremøte vert avhalde den 15. mars.
Sak nr. 04. Ymse:
¨ Per Grov orienterte om kurs han skulle på om samarbeid og beredskap. Han ville kome med tilbakemelding på neste styremøte.
¨ Leif tok opp at vi må få meir inn på heimesida vår. Mellom anna mål og oppgåver.
¨ Mobile vanntåke system kan vere aktuelle i kurs-samanheng.
¨ Vi må tenke på kandidat til landsrådet.
¨ Utdanning for blålyskøyring må settast på kartet.
Runar Kleppe
Sekretær
-sign- |