PROTOKOLL FOR STYREMØTE I SOGN OG FJORDANE BRANNBEFALSLAG
Møtedato:
28.09.2006
Stad:
Skei Hotell
Desse møtte:
Leif Amundsen, Bernhard Øberg, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe,
Magne Igland, Arvid Gilje og Petter Roset frå Gjensidige
Per Grov var forhindra frå å møte.
Sak nr. 01 6-klasse prosjektet.
- Leif Otto Olsen har utarbeidd ny køyreplan for Gjensidigehengaren.
- Nausdal startar med 6.-klasseprosjektet i veke 40.
- Gjensidige har gjort avtale med Årdal, som har tilsvarande hengar, om å nytte denne i indre Sogn.
- Roset tek kontakt med Årdal for å lage ein køyrepplan for denne vogna.
- Bernhard lagar liste over kontaktpersonar rundt om i kommunane
Vedtak:
- Apparata i hengaren skal fyllast av personar med grønt kurs.
- Rekningar for fylling sendast til kasserar Jarle Drageset SFBL sender så vidare rekning til Gjensidige.
- Logføring over antall personar som har prøvd slokking i hengaren er viktig. Dette skal meldast til servicetorget i Førde.
Sak nr. 02 Årsmøte 2006
Etter at siste årsmøte vart halde i Sogndal, er no turen komen til Sunnfjord. Formann føreslo at årsmøte vart halde på Rica Sunnfjord Hotell i Førde
Vedtak:
Styret arbeider for å arrangere årsmøte for 2006 i veke 11 på Rica Sunnfjord Hotell i Førde.
Sak nr. 03. Landsrådsmøte:
Landsrådsmøte i NBLF vert arrangert i Oslo 30. – 31. nov. 2006. Leiaren vert innkalla til desse møta. Han ynskjer no at nestleiaren vert på dette møte for å verte betre kjent med landsstyret.
Vedtak:
Bernhard og Leif reiser på landsrådsmøte.
Sak nr. 04. Kurs:
- Leif har fått henvendelse frå Selje om brannbefalslaget kan arrangere brannvernleiarkurs.
- Florø har køyrt brannvernleiarkurs i eigen kommune, men vil ikkje konkurere med brannbefalslaget.
- Risikoanalyse kan vere eit aktuellt kurs å halde for laget. Vi kunne for eksempel hente inn Narve Helle som forelesar.
- Organisering i skogbrannsituasjon ved fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand.
- Skogbrann, ras, elveredning og div. kan vere aktuellt tema på årsmøte
- Andre tema kan vere ekstremver på grunn av endring i bruk som f.eks gass, ekstremver div
- Nødnett
Vedtak:
Arvid Gilje undersøkjer og gir tilbakemelding om utviklinga innafor TETRA.
Sak nr. 05 Arbeidsplan/møteplan:
- Det er vanskeleg å sette opp fast møteplan over lang tid.
- Forslag om at neste styremøte vert julemøte m/ ledsager og overnatting.
Vedtak:
Neste møte 23. november
Runar Kleppe
Sekretær
-sign- |